MOTVIND HELG
Poing
Poing bilde

POing konsert

Fredag 22. november kjem den akustiske trioen Poing til Harpefoss for fyrste gong. Ingen veit heilt sikkert kva dei kjem til å spele, men det blir heilt sikkert både vakkert, virtuost og morosamt!

 

Poing er ein trio beståande av Rolf-Erik Nystrøm på saxofonar, Frode Haltli på akkordeon og Håkon Thelin på kontrabass. Dei er alle tre anerkjend for å vera blant verdas fremste utøvarar på sine instrument. Sidan oppstarten i 1999 har Poing urframført meir enn 100 verk av europeiske, asiatiske og amerikanske komponistar. Trioen samarbeidar au jamnleg med andre musikarar frå heile verda som har bakgrunn fra ulike stilartar – både tradisjonell og moderne musikk. Blant anna har Poing spelt med svenske, sveitsiske, nepalske, amerikanske, aserbajdsjanske, mongolske, egyptiske, kinesiske, japanske, indiske, iranske, mauritanske, ivorianske, tanzanianske, irske, færøyske, islandske, finske, peruanske, brasilianske, baltiske, russiske og spanske musikarar. Vesentleg er også poenget at Poing gjennom sin musikkutøving ynskjer å auke forståinga for og interessa for all musikk dei oppfattar som vesentleg, og gjerne også å setja musikken inn i politiske og fagleg tydelege kontekster med eit håp om å kunne skape eit aktivt publikum og ein aktiv diskurs rundt kunstens betydning og viktigheit. Dei feirar 20 år-jubileum i år og er i dag noko så sjeldant som eit folkekjært samtidsmusikkband.

Motvind kulturhelg

Konserten er ein del av Motvind Kulturlag si helgesamling på Harpefoss Hotell, og er gratis for medlemmar av Motvind Kulturlag. Elles kostar konserten 200,- for vaksne og 100,- for ungdom/studentar

 

Sjå her for meir informasjon om Motvindhelga: https://www.facebook.com/events/701445030367911/
Sjå elles https://www.motvindkulturlag.no/for meir informasjon om medlemskap.

 

Konsertstart er kl. 20.00.

 

Dette er tredje konsert i ein konsertserie på Harpefoss Hotell, arrangert av Motvind Kulturlag og kuratert av Hans Kjorstad. Tidlegare har Lady Hardanger og Ljodahått vore på besøk. Konsertserien er støtta av Sør-Fron Kommune og Fond for utøvende kunstnere.

Relaterte prosjekter