DUO_16-9_public

Lydreise -duo

Velkommen til konsert med Sigurd Hole og Helga Myhr på Harpefoss hotell!

16. oktober. kl 19.00

 

I andre konserten i komponist Sigurd Holes tredelte prosjekt Lydreise, får vi høyre duoen Sigurd på kontrabass og Helga Myhr på hardingfele. Lydreise inviterar  publikum inn i ei tre-delt musikalsk reise som utforskar vårt minne av lyd. Gjennom tre konsertar på Harpefoss hotell får du moglegheit til å følgje utviklinga av eit musikkverk i tre satsar – med svært lang tid mellom dei ulike satsane! Besetninga blir utvida med ein musikar for kvar konsert.

 

Tredje og siste konsert blir 12. juni, 2025, då blir dei til en trio med Frode Haltli på akkordeon. Musikken er komponert slik at ulike tema og klangar blir utvikla gjennom dei tre besetningane og skaper samanheng og heilskap. Noko av musikken vil være heilt gjennomkomponert, mens noko vil ha større eller mindre innslag av improvisasjon.

 

Lydreise søkjer å utfordre våre lyttevanar. Musikken vil nok bli spela igjen, men aldri akkurat slik den står fram der og da. Den skal heller ikkje spelas inn og bli utgjeven! Dette er med andre ord ei eksklusiv oppleving på alle måtar. Du kan ikkje trykke play eller «skippe» til neste låt når du vil – du må bli med på reisa!

 

Sigurd Hole reknast som ein av våre finaste musikarar og komponistar, og har dei seinare åra hausta internasjonal anerkjenning for sine nytenkjande album for solo kontrabass. Helga Myhr spelar hardingfele, er vokalist og prisbeløna komponist innan norsk tradisjonsmusikk og samtidsmusik. I tillegg til eigen solokarriere er ho kjend fra ensemble som Morgonrode og Kvedarkvintetten.

 

Konsertserien Lydreise er ein produksjon av Musikk i Innlandet og blir spela på fire ulike scener i Innlandet:


– Harpefoss hotell i Sør-Fron
– Klevfos industrimuseum i Løten
– Galleri Tøysentralen på Tolga
– Rendalstunet i Rendalen.

 

Les meir om prosjektet her

Trykk her for billettar

 

Relaterte prosjekter