Selma French
liggende2.Eirik.Havnes.Foto

18. april kl. 19.00

 

Selma French har vorte kalla «musikk-Norges best bevarte hemmelighet». Saman med bandet sitt spelar ho låtar frå det kritikerroste debutalbumet, «Changes Like the Weather in the Mountain».

 

Med musikken sin syner vokalist, komponist og multi-instrumentalist Selma French ei kjærleik for norsk og engelsk folkemusikk. Solodebuten «Changes like the weather in the mountain» har allereie blitt hylla av kritikarane, mellom anna med full pott i Aftenposten.

 

«Noe av det beste jeg har hørt i år. Solodebuten fra Selma French er et dynamisk verk som imponerer stort.» – Eivind August Westad Stuen, Aftenposten (Terningkast 6)

 

Selma French Bolstad – komposisjon, vokal, gitar, fele

Christian Winther – El-gitar, koring

Andreas Winther – trommer, koring

Erik Sollid – fele, hardingfele, koring

Anna Ueland – tangenter, koring

 

Konsertprogrammet er kuratert av folkemusikarane Helga Myhr og Rasmus Kjorstad, med mål om å presentere nykomponert og nyskapande musikkk innan sjangre som samtidsmusikk, jazz og folkemusikk. Dei ynskjer å presentere utøvarar som er nasjonalt og internasjonalt anerkjende og slik bidra til ein stadig rikare og meir mangfaldig musikkscene i Gudbrandsdalen.

 

Billetter 250,-
Honnør 200,-
Student 150,-

Konsertprogram i 2024 har motteke tilskudd fra Kulturdirektorets ordning for arrangørstøtte

Relaterte prosjekter